søndag 5. september 2010

Matilda av Roald Dahl

Matilda er ei jente som veks opp i ein ukjærleg familie, men på skulen møter ho ei "frøken" som er veldig omsorgsfull. I tillegg møter ho også den fryktelege Frøken Trunshbull, skulens rektor, som overhodet ikkje likar born. Foreldra så vel som rektoren får raseriet til å koke i Matilda med sin velutvikla rettferdssans. Og når sinnet veks i Matilda kjem det også magiske krefter fram, noko som vert eit utmerka "våpen" når ho må hamle opp med problema sine.

Dette var ei spennande bok, både for mamma som ikkje hadde lese ho før og for 5åringen som høyrde på. Men hadde eg lese boka sjølv i forkant, så hadde eg gjerne venta eit år eller to med å lese den for sonen min. I denne omgongen vart det til at vi tok nokre samtale-stopp undervegs, for å snakke om ulike skikkelsar og hendingar som elles kunne verke noko skremmande på ein som sjølv ikkje har erfaring frå skule, rektorar og lærarar.. Men med samtalene vel gjennomførte, så vart gevinsten ut av å ha lese boka grei også :) ..anbefalar denne for 7åringar med etablert skuleerfaring, med andre ord. Vi skal lese den igjen om nokre år også, tenkjer eg ;)

Ingen kommentarer: