Småtips

KJØPE BARNEBØKER

Barnebøker er ofte dyrt utanom bokskred og tilsvarande storstilte salg, og ofte inngår ikkje dei nyaste bøkene blant dei nedsette varene. Ynskjer du nyare utgjevingar, eller spesialutgåver av gamle bøker i nye opplag så er det gjerne ingen veg utanom, men er du på jakt etter klassikarar, eller andre bøker som har vore i handelen ei stund derimot så er mogelegheita til å gjere billegare innkjøp større.

Fretex og andre brukthandlar sel ofte bøker, og her er det mogeleg å gjere gullfunn i ny og ne. Klassikarar av Torbjørn Egner, Astrid Lindgren, Anne Kat Vestly, A. A. Milne og så vidare finst, av erfaring, i relativt store mengder slike stader. I alle fall der eg har vore! Så mitt tips er - sjekk hos ein bruktforhandlar av bøker før du går til bokhandelen, så kan du spare både miljø og penger ;)


OPPBEVARING

Bøker krev plass, så sant du ikkje leiger dei på biblioteket eller låner av vener. Men altså, kjøper du bøker slik at antalet stadig aukar, så treng du kanskje nokre tips til alternative oppbevaringsmogelegheiter?

Go'boken kan hjelpe deg på veg, berre følg denne lenka!