onsdag 1. september 2010

Johannes Jensen føler seg annerledes av Henrik Hovland

På papiret skil ikkje Johannes Jensen seg frå det allminnelege mennesket på gata. Ikkje når det kjem til måten han lever på heller; han bur såkalla normalt, han har normale rutiner og ein normal jobb, i tillegg til at han reiser til og frå jobb nett som kven som helst andre "normale". Allikevel: Johannes Jensen kjenner seg annleis..

På ein usedvanleg tydeleg og ikkje minst humoristisk måte set denne boka med tekst og bilder fokus på annleisheit. Opptil fleire gonger medan vi las denne boka, utbraut 2åringen "krokodille! ..ei krokodille!!". For ja, Johannes Jensen skil seg ut - han ser annleis ut.. Høgst aktuell bok - uansett annleisheit, der bodskapet er at det gjerne er positivt å ikkje vere heilt lik alle andre. Johannes Jensen si annleisheit kan ha fordelar ;)

Ingen kommentarer: