tirsdag 30. august 2011

SVK av Roald Dahl

SVK (Store Venlege Kjempe) er like fantastisk skremmande og spanande som alle andre bornebøker av Roald Dahl. Både eg og eldstemann, av ungane i huset, er heilt fascinert av den norsk-engelske forfattaren sitt fantastiske univers! I denne fortellinga får lesarane del i ein hemmelegheit som er nettopp like skremmande som spanande: Det finst kjempar. På ekte! Det er berre så synd at det er så få av dei venlege, og så mange av dei vemmelege.. Og då gjeld det å ha flaks, og treffe på ein venleg i staden for ein vemmeleg. Sånn visst ein skulle no bli utsett for ein kjempe altså...

Fisken av Erlend Loe

Erlend Loe er vel kjend for å skrive underfundige tekstar? I alle fall er denne teksten underfundig også - i mangel på betre ord. Historia handlar om truckførar Kurt som ein dag finn ein stor, og då meiner eg verkeleg stor, fisk på kaia der han arbeider. Han får fisken, og det finst ikkje grenser for kva ein kan gjere her i verda, berre ein har ein fisk som er stor nok. Og ein truck, sjølvsagt... Boka vart utlesen på berre to dagar, og vi vart nysgjerrige nok på Kurt til at vi med ein gong reiste og bytta denne mot neste Kurt-bok på biblioteket...

Doktor Proktor og verdens undergang. Kanskje. av Jo Nesbø

Doktor Proktor og hjelparane hans sitt (så langt?) siste eventyr, er ikkje mindre spanande og fengjande enn dei to foregåande. Men denne gongen er det verkeleg fare på ferde! Det er alvor. Verda står i fare for å bli overteken av uhyggelege vesen, nærare bestemt månekameleonar med rumpene fulle av store hemeorider. Og dei planlegg å kvitte seg med alle som står i vegen for dei, og det på verst tenkelege måte! Boka er, som dei to andre, minst like morosam for voksne som for barn. Så det er ei super bok for høgtlesning. Men ikkje gjer som eg, og les høgt på offentlege stader som til dømes hurtigbåten. Det kan nemmeleg dukke opp passasjer i teksten som du helst ikkje vil lese høgt for kven som helst...

fredag 11. februar 2011

Doktor Proktors Tidsbadekar av Jo Nesbø

Doktor Proktor, Lise og Bulle er ute på eit nytt eventyr. Og i dette eventyret bevegar dei seg ikkje berre utanfor den norske landegrensa, som boktittelen indikerar - dei besøker også svunnede århundrer, og møter små og store, ukjende og kjende personar. Men det er ingen kosetur dei er på, våre tre vener, det er eit livsviktig oppdrag som må utførast med kløkt - elles kan dei komme til å endre heile verdshistoria slik vi kjenner ho i dag. 
Veit du kven som teikna Eiffeltårnet? Og veit du kven Jeanne D'Arc var? Og Napoleon - kva veit du om han? Du vert i alle fall rimeleg godt kjende med desse og fleire til i dette kjærleiksdramaet av eit eventyr fullt av megamorsomme språksprell, litt promping og ein stor andel såpeskum. Denne borneromanen anbefalar vi av heile vårt hjerte, heile familien (ja, yngsta ligg også og høyrer på høgtlesinga om kveldane, og får med seg bemerkingsverdig mykje av det som skjer i fortellinga ;), og vi vaksne har hatt lyst å stå for høgtlesinga begge to.. No skal vi begynne på den siste boka i trilogien, nemmeleg Doktor Proktor og verdens undergang. Kanskje.     

onsdag 9. februar 2011

Doktor Proktors prompepulver av Jo Nesbø

I går vart vi ferdige med Doktor Proktors Prompepulver, og det var litt vemodig må eg innrømme... Det har vore eit morosamt, fantastisk og underhaldande eventyr å bli med Doktor Proktor, Bulle og Lise sin utvikling av oppfinningar, utprøvingar, farer og alt som høyrer med mystifistiske gründeridéar. Og for ein femåring som er gjennomsnittleg opptatt av promp og tilhøyrande humor, så er usansynleg luftige og høglydte fisar ikkje å forakte heilt enkelt. Artige illustrasjonar, som førekjem rimelig hyppig til ein roman å vere, gjer dei eigne bilda av figurar og situasjonar ein fin dytt..

Dette er den første av bøkene om Doktor Proktor, og denne likte vi så godt at no må vi rett og slett ut og kjøpe Doktor Proktors tidsbadekar eller Doktor Proktor og verdens undergang - vi tek den første vi får kloa i! ;)

Anbefalar i alle fall denne første boka til alle med eit snev av prompehumor!

tirsdag 11. januar 2011

Framleis ikkje stille

No les vi ikkje berre Dustefjerten, vi les Doktor Proktors Prompepulver samstundes :) Litt upraktisk gjerne men det går, og Doktor Proktors Prompepuler kan anbefalast på det sterkaste!

tirsdag 16. november 2010

Heidi av Johanna Spyri

Eg har vanskeleg for å finne nye utgjevingar av forteljinga om Heidi i bildebokformat. Sjølv fann eg boka i ein bruktbutikk, utgjeve av Litor som ein i deira samling av klassikarar. Historia er nydeleg, og dei fleste over 20-30 år kjenner vel til forteljinga om Heidi som mister foreldra sine, og vert sendt for å bu med bestefar sin i fjella? Originalforteljinga er lang og oftast publisert utan støtte i illustrasjonar, og gjerne litt vel tung for dei yngste tilhøyrarane. Difor syntest eg det var kjekt å kunne dele historia med mine to små, i form av kortversjon i bildebokutgåve. Anbefalar einkvar som kjem over denne forteljinga i bildebokformat å kaste seg over og å kjøpe den til privatbiblioteket sitt ;)