mandag 30. august 2010

Tonje Glimmerdal av Maria Parr

Vel, denne boka erklærar eg for god på eigenhand. Eg las ho i dag, og ettersom lesinga måtte gå radigt for seg, så fekk ikkje gutungen høve til å følgje med på lesinga. Men; han skal få vere med når eg les boka for andre gong, så snart vi er ferdige med Matilda av Roald Dahl ;)

I alle fall, ettersom eg planlegg å lese boka på ny, så treng eg kanskje ikkje sei stort meir? Boka er god, og handlar om Tonje på 9år som i stor grad styrer dalen ho bur i. Sjølv om det er ein liten stad - Glimmerdalen, så er det mykje som går føre seg i bygda der. Enda til får Tonje avdekt ein hemmelegheit, som det viser seg at kun har vore ein hemmeleigheit for ho sjølv i alle år. Avsløringa ser ut til å endre så vel livet i Glimmerdalen, som livet til Tonje sjølv..

Ingen kommentarer: