Den gretne marihøna liker ikkje å dele, då vil ho heller slåss, men ingen synest å vere verdt å ta opp kampen med.. Forfattaren tek lesaren med på ei dagslang reise, på jakt etter å finne ein verdig motstandar til den gretne marihøna. Boka har ei moralsk riktig og lykkeleg slutt, og kanskje ei oppdragande effekt på eigesjuke smårollingar som sjølv ikkje likar å dele? Boka er spekka med karakteristiske illustrasjonar og ein særeigen layout.
I alle fall ei morsom bok, på sin heilt eigne måte, frå samme forfattar som den velkjende boka Den Lille Larven Aldrimett.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar