tirsdag 24. august 2010

Den lille larven aldrimett av Eric Carle

Ei velkjend og evig populær bok, som har kome ut i mange opplag sidan den først kom ut i 1969. Gjennom boka følger du den lille larva si utvikling frå starten på livet som eit lite egg og fram til ho vert ein vakker og fargerik sommarfugl. Like fargerik som sommarfuglen, er samtlege av dei fine illustrasjonane i boka - laga med sin heilt særeigne, spanande layout! Ein litterær slager som det ikkje er vanskeleg å forstå at ungane vert glad i, og gjerne vil lese på nytt og på nytt så lenge berre høgtlesaren har stemme att å lese med...

Ingen kommentarer: