fredag 24. september 2010

Mine to oldemødre av Lisa Aisato N'jie Solberg

Mine to oldemødre las eg i lag med ein fyrsteklassing, og den slo an. Historia handlar om eit born i Noreg som fortel om sine to oldemødre; éi i Noreg som ho besøker og kjenner godt, og éi frå Gambia, som ho aldri har møtt men kjenner via bilde, forteljingar og samtaler over telefon. Sjølv om oldemødrene kjem frå og bur på kvart sitt kontinent, i kvar sin kultur, så har dei allikevel noko til felles. Og då dei døyr er det sjølvsagt trist, men samtidig óg godt å tenkje på at dei passar på og underheld kvarandre med felles interesser. Boka tematiserer etnisitet samt også døden på ein barnleg nær måte, gjennom lett forståeleg tekst og ikkje minst nydeleg gjennomførte og skildrande bildeoppslag. Anbefalast!

Ingen kommentarer: