Her inne finn du ei oversikt over barnebøker som vi har lese saman med ein av eller begge ungane våre, og som vi alle har likt..
tirsdag 16. november 2010
Heidi av Johanna Spyri
Eg har vanskeleg for å finne nye utgjevingar av forteljinga om Heidi i bildebokformat. Sjølv fann eg boka i ein bruktbutikk, utgjeve av Litor som ein i deira samling av klassikarar. Historia er nydeleg, og dei fleste over 20-30 år kjenner vel til forteljinga om Heidi som mister foreldra sine, og vert sendt for å bu med bestefar sin i fjella? Originalforteljinga er lang og oftast publisert utan støtte i illustrasjonar, og gjerne litt vel tung for dei yngste tilhøyrarane. Difor syntest eg det var kjekt å kunne dele historia med mine to små, i form av kortversjon i bildebokutgåve. Anbefalar einkvar som kjem over denne forteljinga i bildebokformat å kaste seg over og å kjøpe den til privatbiblioteket sitt ;)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar