Her inne finn du ei oversikt over barnebøker som vi har lese saman med ein av eller begge ungane våre, og som vi alle har likt..
Viser innlegg med etiketten Bokmål. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bokmål. Vis alle innlegg
tirsdag 30. august 2011
SVK av Roald Dahl
SVK (Store Venlege Kjempe) er like fantastisk skremmande og spanande som alle andre bornebøker av Roald Dahl. Både eg og eldstemann, av ungane i huset, er heilt fascinert av den norsk-engelske forfattaren sitt fantastiske univers! I denne fortellinga får lesarane del i ein hemmelegheit som er nettopp like skremmande som spanande: Det finst kjempar. På ekte! Det er berre så synd at det er så få av dei venlege, og så mange av dei vemmelege.. Og då gjeld det å ha flaks, og treffe på ein venleg i staden for ein vemmeleg. Sånn visst ein skulle no bli utsett for ein kjempe altså...
Doktor Proktor og verdens undergang. Kanskje. av Jo Nesbø
Doktor Proktor og hjelparane hans sitt (så langt?) siste eventyr, er ikkje mindre spanande og fengjande enn dei to foregåande. Men denne gongen er det verkeleg fare på ferde! Det er alvor. Verda står i fare for å bli overteken av uhyggelege vesen, nærare bestemt månekameleonar med rumpene fulle av store hemeorider. Og dei planlegg å kvitte seg med alle som står i vegen for dei, og det på verst tenkelege måte! Boka er, som dei to andre, minst like morosam for voksne som for barn. Så det er ei super bok for høgtlesning. Men ikkje gjer som eg, og les høgt på offentlege stader som til dømes hurtigbåten. Det kan nemmeleg dukke opp passasjer i teksten som du helst ikkje vil lese høgt for kven som helst...
Etiketter:
Bokmål,
Borneroman,
Fantasi,
Humor,
Jo Nesbø
fredag 11. februar 2011
Doktor Proktors Tidsbadekar av Jo Nesbø
Veit du kven som teikna Eiffeltårnet? Og veit du kven Jeanne D'Arc var? Og Napoleon - kva veit du om han? Du vert i alle fall rimeleg godt kjende med desse og fleire til i dette kjærleiksdramaet av eit eventyr fullt av megamorsomme språksprell, litt promping og ein stor andel såpeskum. Denne borneromanen anbefalar vi av heile vårt hjerte, heile familien (ja, yngsta ligg også og høyrer på høgtlesinga om kveldane, og får med seg bemerkingsverdig mykje av det som skjer i fortellinga ;), og vi vaksne har hatt lyst å stå for høgtlesinga begge to.. No skal vi begynne på den siste boka i trilogien, nemmeleg Doktor Proktor og verdens undergang. Kanskje.
onsdag 9. februar 2011
Doktor Proktors prompepulver av Jo Nesbø
I går vart vi ferdige med Doktor Proktors Prompepulver, og det var litt vemodig må eg innrømme... Det har vore eit morosamt, fantastisk og underhaldande eventyr å bli med Doktor Proktor, Bulle og Lise sin utvikling av oppfinningar, utprøvingar, farer og alt som høyrer med mystifistiske gründeridéar. Og for ein femåring som er gjennomsnittleg opptatt av promp og tilhøyrande humor, så er usansynleg luftige og høglydte fisar ikkje å forakte heilt enkelt. Artige illustrasjonar, som førekjem rimelig hyppig til ein roman å vere, gjer dei eigne bilda av figurar og situasjonar ein fin dytt..
Dette er den første av bøkene om Doktor Proktor, og denne likte vi så godt at no må vi rett og slett ut og kjøpe Doktor Proktors tidsbadekar eller Doktor Proktor og verdens undergang - vi tek den første vi får kloa i! ;)
Anbefalar i alle fall denne første boka til alle med eit snev av prompehumor!
Dette er den første av bøkene om Doktor Proktor, og denne likte vi så godt at no må vi rett og slett ut og kjøpe Doktor Proktors tidsbadekar eller Doktor Proktor og verdens undergang - vi tek den første vi får kloa i! ;)
Anbefalar i alle fall denne første boka til alle med eit snev av prompehumor!
Etiketter:
Bokmål,
Borneroman,
Fantasi,
Humor,
Illustrert,
Jo Nesbø,
Spenning
fredag 24. september 2010
Mine to oldemødre av Lisa Aisato N'jie Solberg
Mine to oldemødre las eg i lag med ein fyrsteklassing, og den slo an. Historia handlar om eit born i Noreg som fortel om sine to oldemødre; éi i Noreg som ho besøker og kjenner godt, og éi frå Gambia, som ho aldri har møtt men kjenner via bilde, forteljingar og samtaler over telefon. Sjølv om oldemødrene kjem frå og bur på kvart sitt kontinent, i kvar sin kultur, så har dei allikevel noko til felles. Og då dei døyr er det sjølvsagt trist, men samtidig óg godt å tenkje på at dei passar på og underheld kvarandre med felles interesser. Boka tematiserer etnisitet samt også døden på ein barnleg nær måte, gjennom lett forståeleg tekst og ikkje minst nydeleg gjennomførte og skildrande bildeoppslag. Anbefalast!fredag 17. september 2010
Min bestemor strøk kongens skjorter av Torill Kove
Min bestemor strøk kongens skjorter er ei billedbok i ei blanding av fakta og fiksjon. På ein humoristisk måte får forteljaren formidla noko Norgeshistorie med hovudfokus på andre verdskrig og motstandsarbeidet i høve krigen. Boka finst også filmatisert.
Toåringen likte dei fine bildeoppslaga, som er fargesterke og klare i streken. Femåringen syntest at historia var spanande óg :) Kan anbefalast!
Toåringen likte dei fine bildeoppslaga, som er fargesterke og klare i streken. Femåringen syntest at historia var spanande óg :) Kan anbefalast!
onsdag 15. september 2010
Garmanns gate av Stian Hole
Garmann blir utfordra, oppfordra, eller nærast pressa av ein eldre gutt, til å gjere noko han egentlig veit han ikkje bør.. Det endar katastrofalt. Hagen til den pensjonerte postmannen må reddast av brannvesenet, men postmannen tilgjev Garmann og dei to utviklar eit venskap. Den eldre gutten, som i utgangspunktet var beundra av jevnaldrende, blir ubetydelig.. Ei fin bok, med like fantastisk flotte illustrasjonar som den første boken i trilogien, Garmanns sommer, har. Tematisk utbyttemessig egner den seg gjerne bedre for skuleborn på småtrinnet, i forhold til for min 5åring (sjølv om at han altså likte boka og fant den både interessant og spennande). Men på den andre sida, denne boka kan lesast fleire gonger, med eit stadig nytt utbytte alt etter den barnlege lesaren sitt modningsnivå :) søndag 5. september 2010
Matilda av Roald Dahl
Matilda er ei jente som veks opp i ein ukjærleg familie, men på skulen møter ho ei "frøken" som er veldig omsorgsfull. I tillegg møter ho også den fryktelege Frøken Trunshbull, skulens rektor, som overhodet ikkje likar born. Foreldra så vel som rektoren får raseriet til å koke i Matilda med sin velutvikla rettferdssans. Og når sinnet veks i Matilda kjem det også magiske krefter fram, noko som vert eit utmerka "våpen" når ho må hamle opp med problema sine.
Dette var ei spennande bok, både for mamma som ikkje hadde lese ho før og for 5åringen som høyrde på. Men hadde eg lese boka sjølv i forkant, så hadde eg gjerne venta eit år eller to med å lese den for sonen min. I denne omgongen vart det til at vi tok nokre samtale-stopp undervegs, for å snakke om ulike skikkelsar og hendingar som elles kunne verke noko skremmande på ein som sjølv ikkje har erfaring frå skule, rektorar og lærarar.. Men med samtalene vel gjennomførte, så vart gevinsten ut av å ha lese boka grei også :) ..anbefalar denne for 7åringar med etablert skuleerfaring, med andre ord. Vi skal lese den igjen om nokre år også, tenkjer eg ;)
Dette var ei spennande bok, både for mamma som ikkje hadde lese ho før og for 5åringen som høyrde på. Men hadde eg lese boka sjølv i forkant, så hadde eg gjerne venta eit år eller to med å lese den for sonen min. I denne omgongen vart det til at vi tok nokre samtale-stopp undervegs, for å snakke om ulike skikkelsar og hendingar som elles kunne verke noko skremmande på ein som sjølv ikkje har erfaring frå skule, rektorar og lærarar.. Men med samtalene vel gjennomførte, så vart gevinsten ut av å ha lese boka grei også :) ..anbefalar denne for 7åringar med etablert skuleerfaring, med andre ord. Vi skal lese den igjen om nokre år også, tenkjer eg ;)
onsdag 1. september 2010
Johannes Jensen føler seg annerledes av Henrik Hovland
På papiret skil ikkje Johannes Jensen seg frå det allminnelege mennesket på gata. Ikkje når det kjem til måten han lever på heller; han bur såkalla normalt, han har normale rutiner og ein normal jobb, i tillegg til at han reiser til og frå jobb nett som kven som helst andre "normale". Allikevel: Johannes Jensen kjenner seg annleis..
På ein usedvanleg tydeleg og ikkje minst humoristisk måte set denne boka med tekst og bilder fokus på annleisheit. Opptil fleire gonger medan vi las denne boka, utbraut 2åringen "krokodille! ..ei krokodille!!". For ja, Johannes Jensen skil seg ut - han ser annleis ut.. Høgst aktuell bok - uansett annleisheit, der bodskapet er at det gjerne er positivt å ikkje vere heilt lik alle andre. Johannes Jensen si annleisheit kan ha fordelar ;)
På ein usedvanleg tydeleg og ikkje minst humoristisk måte set denne boka med tekst og bilder fokus på annleisheit. Opptil fleire gonger medan vi las denne boka, utbraut 2åringen "krokodille! ..ei krokodille!!". For ja, Johannes Jensen skil seg ut - han ser annleis ut.. Høgst aktuell bok - uansett annleisheit, der bodskapet er at det gjerne er positivt å ikkje vere heilt lik alle andre. Johannes Jensen si annleisheit kan ha fordelar ;)
Etiketter:
Bildebok,
Bokmål,
Henrik Hovland,
Humor,
Kjensler,
Moralsk,
Oppdragande,
Relasjonar
lørdag 28. august 2010
Garmanns sommer av Stian Hole
Dette er den første boka i trilogien om Garmann av Stian Hole, og denne boka handlar i grovt sett om at Garmann gruer seg. Han har sommarferie, men den er snart slutt og då skal han begynne på skulen. Han lurar på om det er andre som gruar seg, og kva dei gruar seg til...
"Dette var ei fin bok!" utbraut 5åringen i det siste sida var lest, tok boka og bladde igjennom den på nytt både framlengs og baklengs, "og så var det så mange rare, fine bilder" konkluderte han til slutt. Og eg er einig. Det var verkeleg ei fin bok. No vil vi lese dei to andre bøkene; Garmanns gate og Garmanns hemmelighet.
fredag 27. august 2010
Slik ble jeg til av Katerina Janouch
Denne boka er barnleg ærleg, og i beskrivingane herleg, om spørsmål om alt frå unfanging, modning av babyen i magen, fødsel og anna. Bilda er uskuldig forklarande, med fantasifulle vinklingar på livets realitetar. Fin bok, som kanskje kan vere god å ha når 5åringen spør det eine, avgjerande spørsmålet (av 200 daglege spørsmål!?), og forventar eit ærleg svar, medan du manglar "dei rette orda"? ;)
Morsom for mamma og pappa, og lærerik for poden :)
Morsom for mamma og pappa, og lærerik for poden :)
Etiketter:
Bildebok,
Bokmål,
Katerina Janouch,
Livssyklus
Lille Apes store tisseshow av Tjibbe Veldkamp
Lille Ape er vannvittig god på å tisse på forskjellige måtar, faktisk så god at han lagar eit tisseshow og haustar stor beundring frå tilskodarane. Venninna til Lille Ape vil gjerne også vere med, men Lille Ape tvilar på at det let seg gjere; ho har jo ingen tiss å tisse med!?
Ei humoristisk bok om eit tema som fengjer ugane leeeenge! :)
Ei humoristisk bok om eit tema som fengjer ugane leeeenge! :)
torsdag 26. august 2010
Mamma Mø aker kjelke av Sven Nordqvist
Bøkene om Mamma Mø og Kråka har same opphavsmann som bøkene om Gubben og katten Findus. Streken er lik og teikningane nesten like finurleg fantasifulle, dei er ikkje like spekka med små raritetar og fantasifigurar, men kven treng vel det når dei kan få sjå bilder av ei ku som akar på kjelke, dissar eller driv med vårreingjering i fjøset? Mamma Mø synest nemmeleg det er urettferdig at ikkje ho kan kose seg og gjere det same tinga som menneska og ungane deira, og i denne boka er det aking på kjelke som freistar. Fantastisk underhaldande, både i tekst og bilder, for vaksne så vel som for born! :)
Mamma Mø bygger hytte av Sven Nordqvist
Mamma Mø synest det verker så kjekt å bygge trehytter, slik som ungane gjer. Kråka meiner det ikkje sømmer seg for ei ku å klatre i trer og heller ikkje å bygge hytter, men kråker derimot dei kan snekre trehytter dei, så til dei grader! ...men det kan visst kyr også, sånn nokon lunde i alle fall :)
Herleg bok med herlege illustrasjonar!
Herleg bok med herlege illustrasjonar!
Den magiske fingeren av Roald Dahl
Jenta, som er hovudpersonen i boka, har ein magisk finger. Denne brukar ho på jegrar, fordi ho mislikar dyrejakt. Ho tryller med fingeren sin så rollene vert ombytta - plutseleg får menneska vinger så dei ikkje kan gjere mennesketing lengre, og dyra får armar og tek over dagleglivet til menneska, inkludert jakting... Ei spanande og underhaldande bok!
Etiketter:
Bokmål,
Humor,
Moralsk,
Roald Dahl,
Spenning
Den lille musa leter etter en venn av Eric Carle
Denne skjønne boka handlar om ei mus som jaktar på venskap, og som spør ei rekke dyr om dei kunne tenkje seg å vere venen hennar.. Til slutt møter ho omsider ein ven, og plutseleg står dei saman ovanfor ei truande fare, men saman greier dei å redde seg sjølve :) Ei herleg bok for dei yngste, med fine, fargeglade illustrasjonar og tekst som repeterar seg - noko dei yngste tilhøyrarane likar godt!Gruffalo av Julia Donaldson
Ei spanande bok om ei lur mus, som diktar opp ein fantasifigur som plutseleg står lys levande framfor ho og som ho vidare må hanskast med.. Tekstane i billedboka er lettleste og velakkompagnerte av bileter i klare fargar. Denne boka er også ei av dei som vi har lese så mange gonger at eg kan "lese" ho utanatt, utan å sjå bilder eller anna. Ergo er den perfekt til tidlege helgemorgonar når ungane hoppar opp i senga og vil bli lest for, men du ikkje orkar opne auga! ;) Forøvrig kjem nok bornet sjølv til å kunne den på rams ganske snart, og kan "lese" sjølv :)
Etiketter:
Bildebok,
Bokmål,
Humor,
Julia Donaldson,
Spenning
onsdag 25. august 2010
Får jeg kikke i bleien din? av Guido van Genechten
Den vesle musa er nysgjerrig på kva dei andre dyra har i bleiene sine, og det viser seg å vere bærsj i ulike fargar og fasongar. Den vesle musa har ikkje noko i bleia si, for ho går nemmeleg på potte!
Dette er ei bok om bærsj for yngre "lesarar", og er meir oppdragande enn humoristisk samanlikna med Den lille muldvarpen som ville vite hvem som hadde bæsjet på hodet hans.
Dette er ei bok om bærsj for yngre "lesarar", og er meir oppdragande enn humoristisk samanlikna med Den lille muldvarpen som ville vite hvem som hadde bæsjet på hodet hans.
Etiketter:
Bildebok,
Bokmål,
Guido van Genechten,
Klaffebok,
Oppdragande
Den lille muldvarpen som ville hvite hvem som hadde bæsjet på hodet hans av Werner Holzwarth
Denne boka er utvilsomt morsom for einkvar liten (og stor) med sans for bærsjehumor. Muldvarpen vert bærsje på i det han stikk hovudet opp av jorda, men han veit ikkje kven som har bærsja.. Og det vil han gjerne finne ut av, for vedkommande skal ikkje komme ustraffa frå den ufine gjerninga!
Lettlest og passeleg lang bildebok for born i alle aldrar!
Lettlest og passeleg lang bildebok for born i alle aldrar!
Etiketter:
Bildebok,
Bokmål,
Humor,
Werner Holzwarth
tirsdag 24. august 2010
Den lille larven aldrimett av Eric Carle
Ei velkjend og evig populær bok, som har kome ut i mange opplag sidan den først kom ut i 1969. Gjennom boka følger du den lille larva si utvikling frå starten på livet som eit lite egg og fram til ho vert ein vakker og fargerik sommarfugl. Like fargerik som sommarfuglen, er samtlege av dei fine illustrasjonane i boka - laga med sin heilt særeigne, spanande layout! Ein litterær slager som det ikkje er vanskeleg å forstå at ungane vert glad i, og gjerne vil lese på nytt og på nytt så lenge berre høgtlesaren har stemme att å lese med...
Abonner på:
Innlegg (Atom)













