Her inne finn du ei oversikt over barnebøker som vi har lese saman med ein av eller begge ungane våre, og som vi alle har likt..
søndag 19. september 2010
Raudt, blått og litt gult av Bjørn Sortland
Denne boka om Oda som er med onkel Harald til jobben på kunstmuseet, tek oss meg på tur gjennom fleire bileter og i møte med mange kjende og annerkjende kunstnarar. Vi får diverse "innsideinformasjon" om kunstnarane som personar, teknikkar og liknande, fortalt på eit barnlegt, forståelegt vis. Anbefalar boka på det sterkaste, spesielt om bornet interesserar seg for kunst, eller om du sjølv ynskjer å introduerer bornet for kunst :) Vi lånte boka på biblioteket i fyrste omgong, men på sikt skal denne inngå i den private barnebok-samlinga, i lag med dei fleste som er og blir presentert her på bloggen. Med andre ord, det er verdt å spandere på seg og bokhylla eit eksemplar av denne boka!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar